domenica, giugno 04, 2006

Finito

Nattjazz, med mange fine konsertar, er over for i år! Kjenner godt at eg har vore på konsertar 10 av dei 11 siste dagane. Siste konsert starta stortsett etter midnatt, eg måtte stå opp kl.7 morgonane etter for å gå på jobb. Dette nødvendige onde...(søvn altså)

Første høgdepunkt for meg var Aki Takase plays Fats Waller, eg kunne ledd meg ihjel fleire gonger. Rudi Mahall, bassklarinettisten, var heilt fantastisk! Hadde tenkt å høyre litt Christine Sandtorv òg, men det får vere til ein annan gong.

Det siste høgdepunktet var i går kveld, då spelte Lofthus / Eilertsen / Storløkken på Sardinen, det var heilt sinnsjukt! Ultralyd på torsdag var òg ei oppleving, Hanne Hukkelberg er òg verdt å nemne.

På bakgrunn av dei banda eg har nemnt her, ser eg klart ei endring i min jazz-musikk-smak, for ikkje lenge sidan ville, av desse banda, berre Hanne Hukkelberg vore nemnd her...

Nedturen: Eg gjekk glipp av Malaparola, einaste "italienske" bandet på nattjazz! Sørgeleg!

Gler meg til Nattjazz 2007!

12 dagar att!

2 commenti:

Anita ha detto...

Var ikkje meininga å gløyme å nemne Acoustic Ladyland! Endå meir fantastisk på Nattjazz enn Vossajazz!

Anonimo ha detto...

Nice colors. Keep up the good work. thnx!
»