lunedì, novembre 24, 2008

La bella vita...

CIAO!!!
Eg har gløymt å blogge, har til og med gløymt korleis det gjerast, har gløymt alle kodar og passord...men i dag har eg lese bloggane til Mari og Silje og blitt inspirert, det var visst månadar sidan sist eg var innom, morosame jenter som eg er glade for. Ein annan grunn er jo at eg verkeleg jobbe med Niccolò Machiavelli oppgåva mi, og berre den!

Hovudgrunnen til at eg har gløymt bloggen er at eg har hatt det så fantastisk travelt med å gjera ingenting anna enn å nyte livet mitt her i Manarola, men klisjeane "alt godt har ein ende" og det er "ei tid for alt" stemmer -irriterande! Heldigvis blei opphaldet dobbelt så langt som først antatt, men det er ei mager trøyst akkurat no når kvalmen har vore tilstades lenge fordi slutten nærmar seg.

Det blei ikkje berre dobbelt så langt, men òg dobbelt så fantastisk! Kunne skrive i dagevis om korleis eg har hatt det siste halve året, men Machiavelli ropar.
Men nokre høgdepunkt må eg likevel få nemne: manarolesarane, "sambuarskapet", å vere ein del av landsbylivet, levande og sterke sansar, kulturen, sjøen og musikken...

Livet mitt i Bergen er ikkje verst det heller, men eg likar å ha folk rundt meg heile tida, og det har blitt dårlig med tilgjengeligheten og frekventeringa med åra sidan alle etablerar seg og/eller flyttar frå sentrum, i allefall dårleg for ei som aldri får nok og som synes leir og internatliv fortsatt er fantastisk, og som ønskjer sjå dei same fine folka dag etter dag. Ingen tvil om at det er mange fine folk heime òg! Både vener og familie!

Håper de er klare til å fiske meg opp at, for nede på bunnen i det mørke hav kjem eg nok til å vere 11.desember, og kanskje ei god stund etterpå!

Un bacione a tutti!