giovedì, aprile 22, 2010

Pokal


Kjelde:http://www.vedeta.ro
Eg har fått pokal! Det trur eg ikkje eg har fått nokon gong, ein symjeknapp i ny og ne kanskje, sjølv om eg knapt kan symje, så det var aldri av den jevaste sorten, men alle skal få, det er jo viktigast å delta.

Det er altså MammaMy som har gitt meg pokal, eg har ikkje høyrt om slike pokalar, men det har tydlegvis ho, den ferskaste eg kjenner i cyperspace, og ein av dei aller morosamste, ho har fleire treff på sida si desse få vekene ho har blogga enn eg har fått på dei fire åra mine i denne verda. Utfordringa, som det visst nok ligg i å motta ein slik pokal, er at eg må fortelje sju ting om meg sjølv, men underhaldande lover eg ikkje at det blir, det får MammaMy ta seg av. Allora:
                                                                                                                                                                                                                                                                  
                                                                                                                                                                                                                                                                            
1. Eg hatar å sove, å sove er berre eit naudsynt vonde                      
2. Eg trur ikkje på skjebnen, det er absolutt ikkje ei meining med alt!
3. Eg er forelska i ein liten italiensk landsby og i mange av dei som bur der, forelska på ordentleg!
4. Eg trudde ikkje eg var materialistisk, eig jo ingenting, har i det siste oppdaga at det er løgn, det var før det var slik, for kva skulle eg gjort utan min kvite, lekre Fiat Cinquecento (500), kvite iPhone og kvite Mac, i tillegg er eg ganske nært knytta til "Laughter makes me happy"-armbandet mitt frå Cape Town og platespelaren min som eg fekk frå folka og byen eg er så forelska i, ikkje nok med dette, eg vil ha meir, eg ønske meg ein slik raud Geneva Lab høgtalar/radio! Kall meg gjerne materialistanita!
5. Eg er av dei som angrar på alt eg ikkje har gjort, eller ikkje turde gjere.
6. Eg blir fri og lukkeleg av- og er eit stort fan av entusiastiske, direkte og livsglade menneske som ser ein
7. I tillegg til Italia, ♥ ♥ ♥ eg konsertar og festivalar!
-----
MammaMy mi ha regalato un trofeo, io non ho neanche sentito dei trofei cosi, lei invece, la più nuova in cyberspace, sa queste cose, è una dei più umoristiche che so, ha più "hit" sul suo sito queste poche settimane che ha "bloggato" che io ho preso le ultime quattro anni. La sfida attaccata sto trofeo: devo raccontare 7 cose di/su me stesso. Allora...

1. Non mi piace dormire, dormo solo perché devo
2. Non credo in destino
3. Sono innamorata di un piccolo paese italiano e la gente che abita là, innamorata davvero!
4. Non credevo che sono materialistica...non possiedo nulla...è una bugia...magari era cosi prima però...come farei senza la mia bella bianca cinquecento, l'iPhone e Macbook, e sono abbastanza attacata al mio "Laughter makes me happy"-braccialetto di Cape Town e il gira dischi che il paese e la gente più bella mi hanno regalato, non basta però, vorrei anche un autoparlante rosso, tipo Geneva Lab! Materialistanita!
5. Sono una di loro che rammarica tante cose che non ho fatto, o che ho avuto paura di fare.
6. Mi fanno libera e felice la gente entusiastica, vivace e diriga che ti (mi) vede.
7. Oltre che l'Italia, ♥ ♥ ♥ i concerti e i festivali!

domenica, febbraio 14, 2010

Jeg vælger mig fastelaven

På ein dag som 14.februar 2010 er eg inspirert av historia om korleis Bjørnstjerne Bjørnson vart tildelt akkurat månaden april å skrive sitt dikt om...eg vel som han!