mercoledì, dicembre 24, 2008

GOD JUL!

AUGURI A TUTTI!
GOD JUL! BUON NATALE! MERRY CHRISTMAS!

-ønsker eg alle med årets julesong:
”Winter songs” av Sara Bareilles og Ingrid Michaelson.
http://www.hotelcafe.com/wintersongs (finn videoen over bilete til høgre)

-vi saluto tutti con il canzone di Natale del anno:
”Winter songs” di Sara Bareilles e Ingrid Michaelson.
http://www.hotelcafe.com/wintersongs (trovi il video sopra la finsestra a destra)

-I wish you all with the Christmas carol of the year:
”Winter songs” by Sara Bareilles and Ingrid Michaelson.
http://www.hotelcafe.com/wintersongs (you'll find the video on the window to the right)

lunedì, novembre 24, 2008

La bella vita...

CIAO!!!
Eg har gløymt å blogge, har til og med gløymt korleis det gjerast, har gløymt alle kodar og passord...men i dag har eg lese bloggane til Mari og Silje og blitt inspirert, det var visst månadar sidan sist eg var innom, morosame jenter som eg er glade for. Ein annan grunn er jo at eg verkeleg jobbe med Niccolò Machiavelli oppgåva mi, og berre den!

Hovudgrunnen til at eg har gløymt bloggen er at eg har hatt det så fantastisk travelt med å gjera ingenting anna enn å nyte livet mitt her i Manarola, men klisjeane "alt godt har ein ende" og det er "ei tid for alt" stemmer -irriterande! Heldigvis blei opphaldet dobbelt så langt som først antatt, men det er ei mager trøyst akkurat no når kvalmen har vore tilstades lenge fordi slutten nærmar seg.

Det blei ikkje berre dobbelt så langt, men òg dobbelt så fantastisk! Kunne skrive i dagevis om korleis eg har hatt det siste halve året, men Machiavelli ropar.
Men nokre høgdepunkt må eg likevel få nemne: manarolesarane, "sambuarskapet", å vere ein del av landsbylivet, levande og sterke sansar, kulturen, sjøen og musikken...

Livet mitt i Bergen er ikkje verst det heller, men eg likar å ha folk rundt meg heile tida, og det har blitt dårlig med tilgjengeligheten og frekventeringa med åra sidan alle etablerar seg og/eller flyttar frå sentrum, i allefall dårleg for ei som aldri får nok og som synes leir og internatliv fortsatt er fantastisk, og som ønskjer sjå dei same fine folka dag etter dag. Ingen tvil om at det er mange fine folk heime òg! Både vener og familie!

Håper de er klare til å fiske meg opp at, for nede på bunnen i det mørke hav kjem eg nok til å vere 11.desember, og kanskje ei god stund etterpå!

Un bacione a tutti!


martedì, maggio 20, 2008

Manarola

"You are in my blood, you are my holy wine,
you taste so bitter and so sweet,
oh, I could drink a case of you
and I would still be on my feet,
I would still be on my feet!"
-Joni Mitchell-

Er tilbake i Manarola som eg lengtar etter kvar dag naar eg ikkje er her! Skuldrene har senka seg og pulsen har funne sin takt. Sjela mi har godt av aa vere her. Fjeset mitt har endra seg, eg saag det allereie fòrste kvelden, augene i allefall. Svulstige ord, men slik maa det bli naar noko er saa stort. Min sjenanse er min stòrste fiende!

Sono ritoranata a Manarola, quello che mi manca ogni giorno quando non sono qua! Le mie spalle sono scese, il "puls" ha trovato il suo "beat". La mia anima sta bene qua. La mia faccia si è cambiata, l'ho visto già la prima sera, sopratutto gli occhi. Grande parole, lo so, però devo essere cosi quando qualcosa è cosi grande. La mia timidezza è il mio nemico più grande.

giovedì, maggio 08, 2008

Reisefeber-"I hate you and I love you"

På laurdag hadde eg fest, for å få sett "alle" før eg skal reise. Fine, fine folk! Og alle er så glad på mine vegne, at eg skal få leve draumen min.

Det er ein god ting å ha gode vener og familie som heier på ein. Eg ser tydeleg at eg forlet noko bra til fordel for noko anna bra, Manarola som eg lentar etter kvar dag, heile året! Reisefeberen har meldt sin ankomst. Litt snakk vart det om eg er nervøs for å reise, det er eg sjølvsagt, først å fremst for å gå av toget, "men er det ikke litt som å komme hjem for deg", spurte Kari, og det er akkurat det det er!

I kortet frå Eli og Astrid stod det eit fantastisk dikt av Erik Bye:

DRØM

Bærer du en gammel drøm?
Kanskje en yr, ustyrlig drøm,
helt fra du var liten.
Og ingen drøm for stor!
Gi den vinger, ikke vent,
tidsnok kan det bli for sent.
Ri på vindens brede rygg,
dit ørn og ravner bor.

Manarola
MANAROLA


Sabato c'era una festa qua, la mia possibilita per vedere "tutti" prima di andrò. La gente molta simpatica e bellissima.

È una buona cosa avere buoni amici e famiglia come ho. Lascio qualcosa buono per qualcosa altro bona, Manarola come mi manca tutto l'anno! Non vedo l'ora però sono anche nervosa, sono piu nervosa per lasciare il treno... Kari ha detto "però è come andare a casa per te, vero?" Si, è esattamente cosi. Anche se non ho un posto da vivere, ne anche un lavoro...

Una poesia di Erik Bye è scritto nella cartolina che ho ricevuto:
(sto provando lo tradurre in italiano...)

SOGNO

Trasporti un sogno vecchio?
Forse un sogno sfrenato,
da quando eri piccola.
Nessuno sogno troppo grande!
diagli le ale, non aspetta,
troppo presto può essere troppo tardi.

Sono emozionata!

domenica, marzo 23, 2008

Berøring ein påskesøndag

I dag har eg med hell prøvd "å snu hovudet". Etter å ha undervist i 3 timar gjekk eg på kafè og retta engelsk stilar, mens eg venta på at Tore Rembergs "Mannen som elska Yngve" skulle byrje. For ein fin film, favoritt scena var byrjinga, eg ville le høgt, men eg var aleine på kino, så prøvde å beherske meg litt, filmen berørte meg, -og eg er forelska i Jarle Klepp!

Når eg kom ut frå kinoen snødde det og var eit fantastisk lys, fekk tatt ein del bilete med mi lånte linse!

No har eg akkurat sett på programmet om innspelinga av Mette-Marit sine utvalgte salmar, eg gir meg over! Flotte salmar, fantastiske musikarar og songarar (mange av mine favorittartistar/musikarar). Og eg kjøper Mette-Marit sine tankar rundt salmane, dei var interessante og rørande.

sabato, marzo 22, 2008

Vossajazz 2008

Årets Vossajazz er over, for 35.gong, 13.gong for meg. Eg er nøgd! Mange bra konsertar, godt selskap og ganske så fint vêr!

I år opplevde eg det eg håper å oppleve kvar Vossajazz, men som ikkje alltid skjer, "kicket"! ”Roy Nathanson's Sotto Voce” heiter dei! Fantastiske musikarar; trombone, sax, kontrabass, fiolin og levande beatboks! Dei var fantastiske songarar, eg syns bassisten hadde ei spesielt fantastisk stemma! I tillegg hadde dei noko å kome med i tekstane sine, (+nokre coverlåtar: video). Det er vesentleg, spør du meg. Konserten vart ”snakkisen” resten av festivalen, alle som ikkje hadde vore der hadde høyrt frå nokon som hadde vore der kor fantastisk det var. Eg elskar når publikum, det norske publikum, kjem med høge tilrop, plystring og spontan klapping. Det er så unorsk og det skjer ikkje så ofte, til og med eg slår meg litt laus. Eg har ennå friskt i minne den fantastiske Tom Waits og Kurt Weil ”tribute” konserten på DNS under Festspela for ein del år sidan, der heile salen kokte!

Elles må eg òg få framheve Kari Bremnes konserten, utruleg flinke folk! Dei spela gamalt materiale (stort sett), noko litt fornya. Eg vil eigentleg ikkje trekke fram enkeltståande i denne heilslege produksjonen, men det gjorde seg at Bent Hansen tok litt meir plass.

Tid for softis
Heidi, Randi og Eli

Valkyrien Allstar
Valkyrien Allstar

Tingingsverket
Tingingsverket

Roy Nathanson's Sotto Voce
Roy Nathanson's Sotto Voce


Vossajazz è finito anche quest’anno, per il 35 volta, il 13 per me. Sono sodisfatta! Tanti concerti bravissimi, buona compagnia e il tempo era abbastanza bene!

Quest’anno ho fatto l’esperienza che non faccio ogni anno, il “kick”! Erano stravagante! Il gruppo si chiama “Roy Nathanson’s Sotto Voce”. I musicisti sono bravissimi; trombone, sassofono, violino, basso e un beat box vivente. Loro sono anche cantori bravissimi, secondo me il basista aveva una voce bellissima! In oltre i testi avevano un messaggio più meno politico. Adoro quando il pubblico, il pubblico norvegese, fanno l'acclamazione rumoroso, fischiano e applauso spontaneo! Non è tipico norvegese, non succede molto spesso, anche io mi lascio libero!

Anche il concerto con Kari Bremnes era bravissimo, ha una produzione completa e ottima! Brava!

sabato, marzo 15, 2008

Cinquecento a Bergen

Som sagt tidlegare er bilar for meg "gule", "blå", - utanom Cinquecento! Eg visste det var komt ein av dei nye Fiat 500 til Bergen, men først på torsdag såg eg den (eller kanskje det er komt fleir, for alt eg veit). Sjølv om det var litt flaut å ta bilder der i "ettermiddagsrøsjet" så måtte eg jo få vist dykk il Cinquecento når han stod der så fin i nabolaget mitt. Min raude Fiesta har opphøyrt å eksistere så eg meier eg med god samvit kan drøyme om ein vakker Cinquecento!


500CENTO
La bella Nuova Cinquecento

Cinquecento i Sandviken!
Che bella!

Secondo me, come ho detto prima, le macchine sono "gialle", "blu", - tranne Cinquecento! Lo sapevo che è arrivata una dei Fiat Nuova 500 a Bergen, però giovedi è la prossima volta che l'ho visto. Anche se era un pò imbarazzante fare la foto lì tra tutti dovevo farvi vedere il cinquecento nella mia quartiere. La mia Fiesta rossa ha lasciato il mondo, sto sognando su(?) una bella Nuova Cinquecento!

sabato, marzo 08, 2008

Festa della donna!

GRATULERA MED DAGEN KJÆRE VENNINNER!

I Noreg er det lenge sidan mannen vart varta opp fordi han var mann og fordi det var ei kvinnes oppgåve å tilfredsstille mannen, men sjølv om kvinner her i Noreg har godt eit stykke på vegen, er det mange kvinner andre stader i verda som leve i ein hårreisande situasjon! (som mamma kunne sagt).

Amnesty International har brukt global statistikk og laga dette døme på kordan situasjonen er for verdas kvinner:

Viss vi tenker oss verda som ein global landsby bestående av 1000 personar ville:

  • Halve befolkninga, 500 stk, vore kvinner. Det skulle ha vore 510 kvinner, men 10 blei enten aldri født som følge av bevisst abort på jentefoster, eller at dei døydde i spedbarnsalderen som følge av omsorgssvikt.
  • I mange av dei ulike samfunna i landsbyen ville jentene bli betrakta som mindre verdt enn gutane. Tradisjonar og mannlege arverettigheter forsterkar denne diskrimineringa av kvinner.
  • Av dei 500 jentene som overlever spedbarnsalderen, er 105 analfabeter.
  • 145 kvinner lever på mindre enn ein dollar om dagen.
  • Kvinner med utdannelse tjener 30 prosent mindre enn mannlege kollegaar.
  • 167 kvinner, kvar tredje kvinne i landsbyen, 1/3, har blitt slått, tvunge til sex eller misbrukt på anna måte av eit familiemedlem.
  • 100 kvinner er voldtatt eller forsøkt voldtatt. Risikoen for at ei kvinne skal bli utsatt for dette overgrepet er stort, spesielt viss landsbyen er i krig.
  • Berre 60 kvinner i landsbyen har nokon gong rapportert volden dei er blitt utsatt for. Berre 70 kvinner har innrømt at dei har blitt utsatt for vold.
BUONA FESTA DELLA DONNA AMICHE!

In Norvegia è molto tempo fa poiché era il lavoro della donna servire l'uomo solo perche è un uomo e che è il posto della donna è soddisfare l’uomo, Anche se le donne in Norvegia sono venuto un senso lungo, ci sono molte donne nel mondo che in tensione nelle circostanze terribili soltanto perché sono donne.

Amnesty International ha usato le statistiche globali ed ha fatto un esempio su come la situazione è per le donne dei mondi: Se immaginiamo il mondo come un paese globale che contiene 1000 genti:

- La metà della popolazione, 500 persone, sarebbe stata donne.
Dovrebbe essere 510 ma 10 ottiene abbandonato a causa del sesso o morto perché ha ottenuto trascurato dai genitori perché era una ragazza del bambino.

- In molte delle zone differenti nel paese le ragazze sarebbero considerate come meno degno allora i ragazzi.

- Fra quelle 500 ragazze, che sono sopravvissuto, 105 sarebbero illetterati.

145 delle donne avrebbero più meno d'un dollaro un giorno da vivere

- per le donne con un educazione guadagnerebbe 30% più di meno di i loro colleghi maschii

- 167 donne, 1/3, sarebbe stato battuto, costretto stato ad avere sesso o sarebbe stato abusato da un membro della famiglia

-100 donne colza o provate colza. Il rischio di ottenere colza è grande, particolarmente nei paesi alla guerra

- soltanto che 60 donne nel villaggio hanno segnalato mai la violenze fatto loro

sabato, febbraio 23, 2008

Amo ed odio

Utanom tanteborn, fadderborn, familie og vener er det mykje eg er glad i, blant anna lister. Kanskje litt store ord dette, men her er dei to listene mine om "amo ed odio"...

ELSKAR
- Manarola
- å synge
- sushi
- by-sykling-med-nokon-bakpå
- Joni Mitchel
- snakke italiensk
- høyre italiensk
- Jonas Wergeland
- havet
- sjå på dei store bølgene
- Lisbeth Salander
- gitar
- englar
- å synge i regnet
- hausten
- den kvite macen min
- Odd Nordstoga
- Scofield

HATAR
- å sove
- å vere redd
- skalet mitt
- at nordmenn flest stemmer på Frp

Insieme di nipotine, ?, la famiglia e i amici, ci sono tante cose che mi piacciono. Mi piace le liste, però non usarli molto spesso, forse ci sono parole troppo forte, però...

AMO
- Manarola
- cantare
- sushi
- by-sykling-med-nokon-bakpå
- Joni Mitchel
- parlare italiano
- ascoltare italiano
- Jonas Wergeland
- il mare
- guardare il mare mosso
- Lisbeth Salander
- chitarra
- angoli
- cantare nella pioggia
- l'autonno
- il mio mac bianca
- Odd Nordstoga
- Scofield

HATAR
- dormire
- avere paura
- la mia copertura
- che la maggior parte della gente norvegesi votano per Frp

domenica, febbraio 17, 2008

Odd Nordstoga

Vinterferie, helg på Voss, sjølv om det ikkje var naudsynt, så var lokkemiddelet konsert medOdd Nordstoga. Eg gleda meg til intimkonsert i Fraktgodsen, på gode plassar, ein forsmak på Vossajazz og i håp om å få høyre nokre nye songar. Alt dette innfridde, og eg gler meg til ny plate, men eg sit att med spørsmålet eg alltid sit att med etter Vossajazz...kva er det som får folk til å betale dyre billettar for å sitje å drikke dyr øl og mase (bråke!)?

Om ikkje like uforstyrra som ønska, så fekk eg no høyrt Odd Nordstoga, Thomas Tofte og Daniel Sanden, imponerande musikarar! Og tekstane til Odd! Som eg har skreve før her, I like!

Eg undrar, kortid slepp me "Grisen"?

Thomas Tofte-Odd Nordstoga-Daniel Sanden

Vacanza bianca, la fine settimana a Voss, concerto con Odd Nordstoga, che mi piace molto, il suoi testi e la musica!

Scusa! Ho una domanda: Chi pagha biglietti carissimi per parlare e fare rumore invece ascoltare la musica? Non lo capisco!

Quando è basta suonare "Grisen"?

martedì, febbraio 05, 2008

La vita dopo Stieg Larsson?

Livet etter Stieg Larsson?

Det er vanskeleg å få trent utan Stieg Larsson
Det er vanskeleg å gå å legge seg utan Stieg Larsson
Gode råd?


La vita dopo Stieg Larsson
È difficile fare palestra senza Stieg Larsson
È difficile andare a letto senza Stieg Larsson
Mi fate consigli?

domenica, febbraio 03, 2008

Finsejazz 2008

Endeleg på Finse!

Silusian Town

The Core

Kiting

Eli, Jarle og Sidsel

Finse 1222

sabato, gennaio 12, 2008

Quel sogno

DET ER DEN DRAUMEN
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Olav H. Hauge

QUEL SOGNO
È quel sogno ci portiamo
che qualcosa meravigliosa succederà
che lo deve succedere
che il tempo si aprirà
che il cuore si aprirà
che porte si apriranno
che le sorgenti scoppiranno
che il sogno si aprirà
che noi, un momento della mttina, scivoleremo
su un vento che non abbiamo già saputo
Olav H. Hauge

sabato, gennaio 05, 2008

Spark i ræva! Scossa nel culo!

Godt nytt år!
Det har gått opp for meg i det siste at sjølv om eg ikkje trur på skjebnen, så leve eg livet mitt som om eg gjer det! Det er eit nytt år og på høg tid at eg tar skeia i eiga hand og ror sjølv. Eg kan ikkje stå i døra å vente lenger, verken på den flytande fjøla eller sølvfatet.

2008 er altså året for handling! Dei første grapa er allereie gjort, eg har:
1. sagt opp jobben min (kraftig spark i ræva)
2. fått meg ekstra jobb på Folkeuniversitetet

Kva eg skal gjere når oppsiginga mi går ut er usikkert. Italia? Noreg? Manarola? Bergen? Nordnorge? Den største utfordringa gjenstår altså, eg håper berre eg ikkje skuslar vekk denne sjansen.

Dessverre får ein ikkje alltid i pose og sekk, ikkje alle av oss i allefall. Mine val går på bekostning av noko, og det er eg ikkje like nøgd med. Mine 28 stjerner kallar meg Judas og slik føler eg meg litt òg . Dei er tapet mitt oppi alt dette.


2008!


Felice Anno Nuovo!
Non credo nel destino, però vivo la mia vita come lo credo. C'è un anno nuovo e io devo fare qualcosa.

2008 è l'anno per cambiamenti! I pirmi cambiamenti sono già fatto:
1. ho smesso il mio lavoro (un grande scossa nel culo)
2. ho avuto un lavoro supplemetare alla sera

Cosa farò? Non so! Italia? Norvegia? Manarola? Bergen? Nordnorge? La sfida piu grande rimanga. Riuscirò?

Portroppo non si puo avere tutto. Perso le mie 28 stelle che gli chiamo Judas, mi sento un pò cosi .

mercoledì, gennaio 02, 2008

The road not taken

I shall be telling this with a sigh
Somewhere ages and ages hence:
Two roads diverged in a wood, and I—
I took the one less traveled by,
And that has made all the difference
-Robert Frost