domenica, marzo 23, 2008

Berøring ein påskesøndag

I dag har eg med hell prøvd "å snu hovudet". Etter å ha undervist i 3 timar gjekk eg på kafè og retta engelsk stilar, mens eg venta på at Tore Rembergs "Mannen som elska Yngve" skulle byrje. For ein fin film, favoritt scena var byrjinga, eg ville le høgt, men eg var aleine på kino, så prøvde å beherske meg litt, filmen berørte meg, -og eg er forelska i Jarle Klepp!

Når eg kom ut frå kinoen snødde det og var eit fantastisk lys, fekk tatt ein del bilete med mi lånte linse!

No har eg akkurat sett på programmet om innspelinga av Mette-Marit sine utvalgte salmar, eg gir meg over! Flotte salmar, fantastiske musikarar og songarar (mange av mine favorittartistar/musikarar). Og eg kjøper Mette-Marit sine tankar rundt salmane, dei var interessante og rørande.

3 commenti:

Mari ha detto...

Enig! Så deilig å kjenne at man blir berørt!!!

Håper du har det bra, Anita!

Klem

Anonimo ha detto...

leggere l'intero blog, pretty good

Anonimo ha detto...

Si, probabilmente lo e