lunedì, luglio 24, 2006

I giorni passano...

Dagane går, forsvinn eigentleg, ei veke er over i ein augneblink. Skulle vorte flinkare og flinkare i italiensk, men det er dessverre ikkje slik det føles. Det er jo berre nordmenn her, kjekke nordmenn, men eg blir ikkje så mykje flinkare i italiensk av det...og eksamen er på torsdag! Uansett korleis det går, så har det vore verdt kvar krone, til og med å stå opp klokka 7-7.30 kvar dag, heile sommaren.

Sidan sist så har eg høyrt Giuanlugi Troversi spele att (stakkars, han "måtte" spele med den forferdelige syngedama, som viste seg å vere skodespelaren frå den fine filmen "La melgio gioventù", som har med skoldespelarar frå Bergen. Har vore på ordentleg jazzkonsert ein kveld; Bill Fisell spelte på La Palma . Tre gonger har eg fått vore på "Il boom" (min favoritt restaurant i Roma), fredag var det fest på DNIR (veldig morro). Heile laurdagen var Kristine og eg på shopping i heten. Tok ein pause i shoppinga på Caffè Greco, vi kunne lese om både HC Andersens, Bjørnstjerne og Grieg, cappuccinoen var absolutt verdt 6 euro.


Vigdis, Kristine og eg på Caffè Greco
Vigdis, Kristine og eg


I kveld skal vi på "Amici miei" på utekinoen på Isola Tiberina! Det blir spennande!

13 commenti:

Anita ha detto...

Grazie mille!

Anonimo ha detto...

Hei-hei!
Er nett innom Voss ein liten tur og da er det jo obligatorisk å få med siste oppdatering frå Roma! Det er så fantastisk å vere på hytta i sol og fint vær, så eg reiser dit igjen i morgo.

Lykke til i morgo! Det går heilt sikkert bra. Me kom oss jo gjennom lærarskulen, og eg er sikker på at du har gjort meir denne sommaren enn i nokre av faga me har fått vekttall i frå Hamar....

Snart er du heime igjen og det gler eg meg til:)

Klem

Anonimo ha detto...

Heim. Lykke til på eksamen. Du har jo garantert blitt flinkere.Det høres ut som du har det utrolig bra. men jeg får jo bare med meg halvparten av det du skriver bella mor. her er veret supert. Gleder meg til vi ses.

Anita ha detto...

Takk jenter, no går eg ned for å avlegge prøve!

Anonimo ha detto...

Ciao Anita!

Sono Regine, la figlia di Peggy :) Volevo augurarti buona fortuna per l'esame di giovedì. Sono sicura che hai studiato e che andrà bene :) In bocca al lupo! Salutami Roma!

Mari ha detto...

Håper eksamen gikk fint! Du ser så strålende godt ut på alle bildene du har lagt ut! Håper vi sees snart!

Klem Mar

Anita ha detto...

Grazie Regine e grazie Mari!

Anonimo ha detto...

Bella,

Lykke til med eksamen, tipper nok du har lært mykje meir enn du føler. Her er det strålande sommerver med båtturar og bading kvar dag.
Snart er du her og eg gler meg;)

Asilia

Anita ha detto...

Gler meg og bella, eksamen er over, gjekk betre enn frykta, men veit jo ikkje endà. No er eg i Mana og dà er jo alt berre bra!
Gler meg til kafé! Hels Vemund

Anonimo ha detto...

Hallaien!
Eksamen, gitt. Då nærmer det seg vel heimreise snart? Vi gler oss til å se bilder og høyre historier. Skal helse fra Herman og Oliver. Dei plukker bær og far må safte og sylte. Mor jobber med med eit interiøroppdrag. Vi har jommen fått oss liten trebåt med påhengs. Morro for store og små. Masse bading i finaveret. Snakkes.

Anita ha detto...

Ciao, saluta di Manarola! Skal sei du har blitt vaagelig paa blogginga! Grattis med baat! Ei veke til berre i Italia. Snakkes snart! Hels mor og born!

Anonimo ha detto...

Heim. gleder meg til å treffe deg nitn. selv om du sikkert ikke er klar for å komme hjem til Bergen. Håper det er litt kjekt å komme hjem og... gleder meg til å høre om den fantastiske ferien? din. Eg savner deg her! snakkes bella.

Anonimo ha detto...

hvorfor ikke:)