lunedì, luglio 17, 2006

Il segreto di vita

Song meg heimover frå instituttet fleire dagar førre veke, det var på James Tylor sin "Secret of life" eg song. Det passar ganske godt å tenkje på livets løyndommar når Peters kyrkja kjem nærare og nærare, og ein snart er heime. Dog, heime er eg ikkje.

Har fine dagar her i Roma, "enjoying the passage of time", går på konsertar (som ikkje alltid blir noko av), har vore på stranda i St.Savera,
besøkt Piazza Scotti (Merete!), drukke mykje god kaffi (men pasten/cornettoen/ briocen/bombelonen er ikkje som på Bar Enrica)!

Hovedmålet for helga var å studere, men tida strekk ikkje alltid til, den går fort her òg...ikkje eingong Einstein forstod seg på den...

Ny veke, nye planar. Freistar lukka igjen på Casa del jazz (eller "jetz", som italienerane seier) i kveld. I morgon er det den fantastiske Gianluigi Trovesi som skal spele i parken bak skulen og ellers så håpar eg det blir både middag på retrorestauranten i Trastevere og kanskje utekino før sommarfesten her på DNIR fredag. Skal lese italiensk litteratur innimellom òg!
Veslemøy og Kristine
Veslemøy og Kristine

IN ITALIANO:
Più di uno giorno la settimana scorsa ho cantato quando sono andata a casa, ho cantato il canzone "Secret of life" C'è appropriato pensare al segreto di vita quando Basilica di San Pietro si avvicina e si presto è a casa. Però, non sono a casa qui.

Mi piaciono i giorni qui a Roma, "enjoying the passage of time", vado al concerti, al mare, P.zza Scotti (Merete!), ho bevuto caffè buonissimo (ma le paste/bombelone non sono come al Bar Enrica!)

La prima occupazione questa fine settimana era studiare, ma il tempo...anche Einstein ha creduto fosse difficile-il tempo.

Una settimana nuova, i progetti nuovi. Sta sera "Casa del Jazz", domani Gianluigi Trovesi suonerà nel parco vicino la scuola, anche spero che mangeremo a un ristorante "retro" che abbiamo visto a Trastevere e forse un cinema all'aperto prima della festa interna DNIR venerdì. Frattanto studierò letteratura italiana!

8 commenti:

Anonimo ha detto...

Åhh, det hørest virkelig ut som "det gode liv" det du beskriv!! Var det ikkje den konserten me var på på Nattjazzen no i vår? Eller var det på Voss for noen år siden? Uansett, det blir sikkert heilt strålande!

No skal eg på hytto, ganske fint der og.... god kaffi kan eg jo og laga....

Ha det fint Anita!

Klem

Anita ha detto...

Gianluigi Trovesi høyrte vi i Fraktgodsen saman med ein på trekkspel rundt '97-'99, og så var det han som var med Bergen Bigband på det overraskande høgdepunktet på Vossajazz 2004. Han skal forresten spele på Moldejazz saman med ein på trekkspel 22.juli.

God tur på hytta!

Anonimo ha detto...

Hola chica,
Då blir det kanskje Barcatur på meg i haust; Vemund skal til kina og då har eg forhandla meg fram til ein mulig deal;) Her er det kanonver og vi har mala gangen i dag. Trappa er komen, så når du kjem heim er det nok store endringar__HURRRAAAA!
Gledar meg til du kjem heim...håpar eg er ferdig med det skeive trynet..stadig betring, men auget er seigt, får enno ikkje lukka det.
Ha gode dager, Vemund helsar.

Besitos

Anonimo ha detto...

Ciao bella!
Dette ser jo helt vanvittig herlig ut!! Den restauranten vil eg og på engang - mulig jeg kommer meg tilbake til Roma dette året :-)
Er enig med Eli - Bergen er ikke det samme uten deg Anita! Glad eg har deg på tlf innimellom.
Kos deg på konsert!!

Klem, Kristi

Anita ha detto...

Ciao belle, godt å vera venta heim :-) Gler meg til å sjå dåke òg, sjølv om eg langt frå er metta på Italia ennå...

Helga ha detto...

Nå har eg googla den fantastiske sangerinna frå konserten i går, og trur det eller ei: det er terroristen frå filmen. Incredibile.

Anita ha detto...

Sinnsjukt! Stakkars Gianluigi Troversi som var med på den greia der!

Anita ha detto...

Grazie bella, du hadde likt dette!