sabato, maggio 23, 2009

VENTI ORE A OSLO

Eg var i Oslo her om dagen for å ha munnleg italiensk eksamen. Det var mykje kjekt på veldig kort tid.

Tok toget frå Bergen, det er det alt for lenge sidan eg har gjort i Noreg, eg likar godt å ta tog. Det var blitt high-tech sidan sist! Framme i Oslo tidleg kveld reiste eg rett til gode vener, naut til og med sjølve trikketuren. Oslofolk "blandar seg", som ein italienar nærmast, du kan t.d. spørje ein om noko og ein annan lengre borte svarar, I like! Trur ikkje ein Bergensar, som tilsynelatande skal vere meir frampå, ville gjort det. Framme i den vakre leiligheten blei det middag; villt, vin, framgang og optimisme. Tidleg neste morgon gjekk eg innom Åpent bakeri på hjørna, god kaffi i handa og "pasta" i lomma, rusla gjennom slottsparken, forbi slottet før Nasjonalteateret og T-banen til Blindern der eg møtte Astrid-mi-Astrid til ein alt for kort kaffi før munnleg italiano. Munnleg var eit overraskande positiv oppleving. Mens eg venta på trikken attende, kom det ei dame leande og pratande, ho sette seg bak sjåføren så ho kunne le og prate med speglbilete sitt i smug, prøvde heile tida ta seg saman, fasinerande. På Eplehuset leverte eg inn iPhonen min, ein sjeldan sympatisk, romsleg mann hjalp meg. På veg mot flytoget fekk eg sjå Pushwagner sitt bilete som pyntar opp heile Oslo S. Så bar det tilbake til Bergen og Natt Jazz opning!

Gler meg til eg skal tilbake til Oslo for å ha ny italiensk eksamen og å hente iPhonen min neste fredag! I mellomtida jazzar eg.
Sono andata a Oslo per fare un esame orale in Italiano. Ho preso il treno da Bergen ad Oslo, è molto tempo fa che ho preso il treno in Norvegia, lo trovo un pò high-tech. A Oslo trovo che la gente si interferisce, come un italiano, quasi come un italiano, e I like! Non credo che uno da Bergen l'avrebbe fatto. Abbiamo fatto una cena di cervo, vino, progresso e ottimismo. La prossima matina ho caminato tra il gardino del Re, ho passato il suo castello prima che ho preso il Metro per l'Università dove ho incontrato la Astrid prima del'esame orale (che è andata molto bene). Prima di partire mi sono fermata alla "Casa di Mela" per fissare il mio iPhone, dove un uomo molto simpatico mi ha aiutato. Quasi al stazione per prendere il treno al volo, ho visto un gran, bel Pushwagner. Mi sono ritornata a Bergen e l'inizio per NattJazz.

Non vedo l'ora ritornare a Oslo la prossima settimana per fare un'altro esame italiano, e prendere il mio iPhone. Mentre sto aspettando vado jazzing.

Nessun commento: