17.mai fekk eg nyss i at det var ein fransk stencil kunstnar i byn, som hadde utstilling til inntekt for CARF, Children At Risk Foundation. Sidan eg har lesedag og fri frå jobb prøvde eg å finne utstillinga, den var sjølvsagt avslutta, men eg såg bileta var der inne fortsatt, så eg prøvde å få sett dei frå gata. Eg stod med nasa mot ruta då det plutseleg kom ei å spurte om eg ville koma inn å sjå! JA, så snilt! Eg fekk studert stencilane, fleire av dei var laga rett på veggen/dører og andre hadde delar som var på eit slags lerret, mens likevel spraya utover lerrete og på t.d. murveggen. Ein karakteristisk stil. For meg var C215 ukjend, men etter litt undersøking forstår eg fort at C215 er ein velkjend fransk stencilkunstnar, med open identitet. Han har sjølv dokumentert CARF utstillinga i Bergen på Flickr. Dei fortalde meg idag at for utanom to stencilar var alle selde. To "frie" stencilar fann eg med det same, gler meg til å gå på C215 jakt i Bergen dei komande dagane, reknar med at han har gjort seg bemerka.
lunedì, maggio 18, 2009
C215
Iscriviti a:
Commenti sul post (Atom)
1 commento:
Han har gjort døren på Capello i Skostredet også..
Posta un commento