domenica, marzo 23, 2008

Berøring ein påskesøndag

I dag har eg med hell prøvd "å snu hovudet". Etter å ha undervist i 3 timar gjekk eg på kafè og retta engelsk stilar, mens eg venta på at Tore Rembergs "Mannen som elska Yngve" skulle byrje. For ein fin film, favoritt scena var byrjinga, eg ville le høgt, men eg var aleine på kino, så prøvde å beherske meg litt, filmen berørte meg, -og eg er forelska i Jarle Klepp!

Når eg kom ut frå kinoen snødde det og var eit fantastisk lys, fekk tatt ein del bilete med mi lånte linse!

No har eg akkurat sett på programmet om innspelinga av Mette-Marit sine utvalgte salmar, eg gir meg over! Flotte salmar, fantastiske musikarar og songarar (mange av mine favorittartistar/musikarar). Og eg kjøper Mette-Marit sine tankar rundt salmane, dei var interessante og rørande.

sabato, marzo 22, 2008

Vossajazz 2008

Årets Vossajazz er over, for 35.gong, 13.gong for meg. Eg er nøgd! Mange bra konsertar, godt selskap og ganske så fint vêr!

I år opplevde eg det eg håper å oppleve kvar Vossajazz, men som ikkje alltid skjer, "kicket"! ”Roy Nathanson's Sotto Voce” heiter dei! Fantastiske musikarar; trombone, sax, kontrabass, fiolin og levande beatboks! Dei var fantastiske songarar, eg syns bassisten hadde ei spesielt fantastisk stemma! I tillegg hadde dei noko å kome med i tekstane sine, (+nokre coverlåtar: video). Det er vesentleg, spør du meg. Konserten vart ”snakkisen” resten av festivalen, alle som ikkje hadde vore der hadde høyrt frå nokon som hadde vore der kor fantastisk det var. Eg elskar når publikum, det norske publikum, kjem med høge tilrop, plystring og spontan klapping. Det er så unorsk og det skjer ikkje så ofte, til og med eg slår meg litt laus. Eg har ennå friskt i minne den fantastiske Tom Waits og Kurt Weil ”tribute” konserten på DNS under Festspela for ein del år sidan, der heile salen kokte!

Elles må eg òg få framheve Kari Bremnes konserten, utruleg flinke folk! Dei spela gamalt materiale (stort sett), noko litt fornya. Eg vil eigentleg ikkje trekke fram enkeltståande i denne heilslege produksjonen, men det gjorde seg at Bent Hansen tok litt meir plass.

Tid for softis
Heidi, Randi og Eli

Valkyrien Allstar
Valkyrien Allstar

Tingingsverket
Tingingsverket

Roy Nathanson's Sotto Voce
Roy Nathanson's Sotto Voce


Vossajazz è finito anche quest’anno, per il 35 volta, il 13 per me. Sono sodisfatta! Tanti concerti bravissimi, buona compagnia e il tempo era abbastanza bene!

Quest’anno ho fatto l’esperienza che non faccio ogni anno, il “kick”! Erano stravagante! Il gruppo si chiama “Roy Nathanson’s Sotto Voce”. I musicisti sono bravissimi; trombone, sassofono, violino, basso e un beat box vivente. Loro sono anche cantori bravissimi, secondo me il basista aveva una voce bellissima! In oltre i testi avevano un messaggio più meno politico. Adoro quando il pubblico, il pubblico norvegese, fanno l'acclamazione rumoroso, fischiano e applauso spontaneo! Non è tipico norvegese, non succede molto spesso, anche io mi lascio libero!

Anche il concerto con Kari Bremnes era bravissimo, ha una produzione completa e ottima! Brava!

sabato, marzo 15, 2008

Cinquecento a Bergen

Som sagt tidlegare er bilar for meg "gule", "blå", - utanom Cinquecento! Eg visste det var komt ein av dei nye Fiat 500 til Bergen, men først på torsdag såg eg den (eller kanskje det er komt fleir, for alt eg veit). Sjølv om det var litt flaut å ta bilder der i "ettermiddagsrøsjet" så måtte eg jo få vist dykk il Cinquecento når han stod der så fin i nabolaget mitt. Min raude Fiesta har opphøyrt å eksistere så eg meier eg med god samvit kan drøyme om ein vakker Cinquecento!


500CENTO
La bella Nuova Cinquecento

Cinquecento i Sandviken!
Che bella!

Secondo me, come ho detto prima, le macchine sono "gialle", "blu", - tranne Cinquecento! Lo sapevo che è arrivata una dei Fiat Nuova 500 a Bergen, però giovedi è la prossima volta che l'ho visto. Anche se era un pò imbarazzante fare la foto lì tra tutti dovevo farvi vedere il cinquecento nella mia quartiere. La mia Fiesta rossa ha lasciato il mondo, sto sognando su(?) una bella Nuova Cinquecento!

sabato, marzo 08, 2008

Festa della donna!

GRATULERA MED DAGEN KJÆRE VENNINNER!

I Noreg er det lenge sidan mannen vart varta opp fordi han var mann og fordi det var ei kvinnes oppgåve å tilfredsstille mannen, men sjølv om kvinner her i Noreg har godt eit stykke på vegen, er det mange kvinner andre stader i verda som leve i ein hårreisande situasjon! (som mamma kunne sagt).

Amnesty International har brukt global statistikk og laga dette døme på kordan situasjonen er for verdas kvinner:

Viss vi tenker oss verda som ein global landsby bestående av 1000 personar ville:

  • Halve befolkninga, 500 stk, vore kvinner. Det skulle ha vore 510 kvinner, men 10 blei enten aldri født som følge av bevisst abort på jentefoster, eller at dei døydde i spedbarnsalderen som følge av omsorgssvikt.
  • I mange av dei ulike samfunna i landsbyen ville jentene bli betrakta som mindre verdt enn gutane. Tradisjonar og mannlege arverettigheter forsterkar denne diskrimineringa av kvinner.
  • Av dei 500 jentene som overlever spedbarnsalderen, er 105 analfabeter.
  • 145 kvinner lever på mindre enn ein dollar om dagen.
  • Kvinner med utdannelse tjener 30 prosent mindre enn mannlege kollegaar.
  • 167 kvinner, kvar tredje kvinne i landsbyen, 1/3, har blitt slått, tvunge til sex eller misbrukt på anna måte av eit familiemedlem.
  • 100 kvinner er voldtatt eller forsøkt voldtatt. Risikoen for at ei kvinne skal bli utsatt for dette overgrepet er stort, spesielt viss landsbyen er i krig.
  • Berre 60 kvinner i landsbyen har nokon gong rapportert volden dei er blitt utsatt for. Berre 70 kvinner har innrømt at dei har blitt utsatt for vold.
BUONA FESTA DELLA DONNA AMICHE!

In Norvegia è molto tempo fa poiché era il lavoro della donna servire l'uomo solo perche è un uomo e che è il posto della donna è soddisfare l’uomo, Anche se le donne in Norvegia sono venuto un senso lungo, ci sono molte donne nel mondo che in tensione nelle circostanze terribili soltanto perché sono donne.

Amnesty International ha usato le statistiche globali ed ha fatto un esempio su come la situazione è per le donne dei mondi: Se immaginiamo il mondo come un paese globale che contiene 1000 genti:

- La metà della popolazione, 500 persone, sarebbe stata donne.
Dovrebbe essere 510 ma 10 ottiene abbandonato a causa del sesso o morto perché ha ottenuto trascurato dai genitori perché era una ragazza del bambino.

- In molte delle zone differenti nel paese le ragazze sarebbero considerate come meno degno allora i ragazzi.

- Fra quelle 500 ragazze, che sono sopravvissuto, 105 sarebbero illetterati.

145 delle donne avrebbero più meno d'un dollaro un giorno da vivere

- per le donne con un educazione guadagnerebbe 30% più di meno di i loro colleghi maschii

- 167 donne, 1/3, sarebbe stato battuto, costretto stato ad avere sesso o sarebbe stato abusato da un membro della famiglia

-100 donne colza o provate colza. Il rischio di ottenere colza è grande, particolarmente nei paesi alla guerra

- soltanto che 60 donne nel villaggio hanno segnalato mai la violenze fatto loro