venerdì, maggio 25, 2007

ROOM

Var sjølvsagt på Nattjazz igår, etter å ha høyrt litt på Helge Lien trio, gleda eg meg til å høyre Ane Brun med strykarar, men den gang ei! Sjølv om Ane Brun stod der på scena og song, høyrde eg berre sponsorfolka, ganske pinleg! Syns synd på Ane Brun!

Men, det førte til at i staden for å gå heim så gjekk eg for å høyre Room som eg verken hadde høyrt eller høyrt om før, forstod allereie når eg kom inn i lokalet før konserten at noko kom eg i allefall til å like, for der hang ei tørkesnor med herretruser med striper på, i alslags fargar og striper. Og når bandet kom inn var det meir striper og raudt og rosa og jentebassist og flink, flink vokalist (litt Hanne Hukkelbergish). Gjekk heim nøgd, kvelden hadde trass alt budd på fine ting.

2 commenti:

Anonimo ha detto...

Det er vel på tide med ein liten oppsumering av årets nattjazz? Kva har du likt best?

Anita ha detto...

Jo, skulle hatt ein oppsumering, men alt gjekk litt i eitt...men det var kjekt å høyre på italienarane siste kvelden, mest fordi dei var italienarar.

Høyrde to songar av Caroline Henderson, ho hadde ein utrulig gøy stemme i ein sjanger som eg eigentleg ikkje likar, The thing+Zu likte eg, Prince Generation var underhaldande (sjølv om dei kanskje hadde tjent på å ikkje ha så mange involverte, sjølv om det var ein gøy ting, ja, nei, vet ikke).

Men skulle fått med meg Storløkken/Eilertsen/Lofthus, forstår ikkje at eg ikkje fekk det til! Gjekk litt i surr trur eg. Manglar det store konsert kicket, men trur det er meir min feil enn Nattjazz programmet, trur òg at eg hadde fått det om eg hadde berre hadde komt meg på Storløkken/Eilertsen/Lofthus!