domenica, maggio 06, 2007

Kakkmaddafakka

Eg må få lov til å trekke fram Kakkmaddafakka igjen, for min del er dei årets høgdepunkt så langt, igår avslutta dei det spektakulære Stagediving i Magasintet bak Store Scenen på DNS.

Desse gutane speler bra musikk, det er noko nytt, sjølv om det minner om noko anna, dei gir alt, har publikumstekke, er eit utrulig bra live-band, er entusiastiske og audmjuke!

Kakkmaddafakka
Kakkmaddafakka på utescena på Vossajazz 2007

Og Stagediving!!! Eit genialt konsept, og ein höydare å ha det på DNS, men kjekt òg på Landmark. Det var så gøy å DNS i fjor at eg i år gjekk tidleg frå 30års dags feiring for å få det med meg... Alltid etter Stagediving er eg entusiastisk, bevega, berørt, det er ein så fantastisk følelse, det er ikkje så ofte eg har den. Fleire sansar enn vanleg blir berørt og stimuler ein slik kveld. Kanskje vert det vist Ronja Røverdatter på ein vegg, eit politisk sitat vises på ein annan, Magnet/William Hut/Karin Park el.l. har med seg gitaren og syng eit par låtar aleine, dansing på scene, bord eller i bur, band, grilling av lam, ballonger fell frå taket, Døden går rundt i kappa si og pikker deg på skuldra, dikt og monologer, utrdrag frå teaterstykke etc, etc.

Kan anbefalast! (Siste laurdag i månaden på Landmark, om det ikkje er gjort endringar...)

Nessun commento: