sabato, febbraio 17, 2007

Susanne Sundfør 2

Det har akkurat gått opp for meg at eg har gått glipp av ein Susanne Sundfør konsert! Sorgen òg! Eg som går og venter på at ho skal ha konsert i Bergen! Hadde eg visst det så hadde eg kanskje stått fremst i konsert køen. Kan ikkje huske sist eg venta slik på ei plate eller konsert. Forstår ikkje at eg ikkje har fått det med meg! Fekk frysningar av å lese by:Larm anmeldingane, skulle så gjerne vore der òg! Viss nokon vil hjelpe meg å følge med på kortid Susanne har konsert i Bergens området, så seier eg takk!

4 commenti:

Anonimo ha detto...

Hei-hei!
Når du sendte mail og snakka om Susanne S. konsert så trudde eg ikkje at eg hadde høyrt noko av ho, men fulgte "linken" din og denne sangen er jo så fin!

Gler meg til konsert 28 april! Det blir rett og slett ei fabelaktig helg!

Det er forresten krise når det gjeld årets vossajazz helg! Dei har gjort om på billetsystemet!"#¤¤%&%¤¤## Blei heilt frustrert, irritert, fortvila, - ja i det heile tatt det blir ei vanvittig dyr helg dersom eg skal få med meg alt. Du må inn på www.vossajazz.no og sjå.... Rett og slett fortvilande, for ikkje å snakke om for eit svik! Me som trufast har møtt opp år etter år. Huff, dette er opprivande å prate om! Du må sjå sjølv, men ha valiumen klar!

Beklager at eg kjem til å øydelegge dagen din....

Anita ha detto...

Ja, høyrte rykte igår om at det ikkje er festivalpass å få tak i på Vossajazz i år...Veldig synd! Spørs vel om Jazzforum gjev nokre fordelar i år då...

Må me rett og slett vera selektive? Blir vanskeleg. Tidlegare år kunne vi jo ha gått etter konsertanescene, som då sjølvsagt hadde vore Fraktgodsen, men den er jo over og ut òg... Nei, dette blir ei utfordring!

Anita ha detto...

Dette blir vanskelegare enn frykta, håplaust billett system (ev ekstremt dyrt!), trur laurdagskvelden blir den største utfordringa.

Verst er det at eg vi mister festivalfølelsen... Og Fraktgodsen...

Anonimo ha detto...

Ja, det blir kanskje ikkje heilt det samme. Eg har lagt opp ei løype, men den kostar 2270 kroner........ Får ta med meg programmet og så må me saumfare det og legge ein plan. Men, det mest idiotiske er at alle jazzpakkene må kjøpast før 24mars! Så med andre ord, impulsivitet vert absolutt ikkje verdsatt på denne festivalen. I alle fall ikkje for alle dei som ikkje har kontoen stappa full med penger. Blir litt sur av dette.... Men blir vel bli igjen til fredag 30 mars:)

EG har ferie og skal på fjellet i dag. Var oppe i går, veldig ilt i leggane i dag, men det er meldt sol og da er det berre å trua beina ned i slalomstøvlane og setta utfor!

Har starta å male stova, og det blir riktig så fint!

Ha ei fin arbeidsveke - berre 5 dagar att. Dy har jo noko å sjå fram til neste veke:)