venerdì, novembre 24, 2006

SUSANNE SUNDFØR


For ei tid tilbake var eg på VHO, der var det ei ganske anonym jente, som heitte Susanne, som song heilt, heilt fantastisk! Det er år sidan eg har høyrt noko så spesielt og spesielt vakkert, du veit dei gongane når du opplever noko som du ikkje klarer beskrive godt nok, det finns liksom ikkje ord som famner, slik var opplevinga...ho hadde musikken så veldig på innsida og kommuniserte den ut med heile seg.

For nokre veker sidan var det ein reportasje frå Lydrike og der var han igjen, den fantastiske stemmen, men ikkje før igår fekk eg tak i etternamnet hennar slik at eg kunne finne fram til musikken hennar på nettet og i kveld har eg funne heimesida med eit lydspor! Vil anbefale at du høyrer på det!

Eg gler meg til eg kan kjøpe plata til Susanne Sundfør, håper den kjem snart, og kjem den til jul, så blir det årets julegåve!

2 commenti:

Anonimo ha detto...

Heim. ja hun synger nydelig fint. Har hørt henne på radioen noen ganger. vakkert.

Anonimo ha detto...

En sang kan kjøpes på iTunes, og hjemmesiden hennes er www.susannesundfor.com