Eg likar å jobbe på Nattjazz! To av dei tre vaktene mine er unnagjort allerede, har likevel fått med meg ein del konsertar.
På tosdag var det konsert med Sidsel Endresen og Audun Kleive, eg var forhåpningsfull, som eg alltid er når Sidsel Endresen skal opptre, "Kjem ho til å synge idag?" Dei siste åra har ho "berre" laga ulike puste- og ko-ko-ko-ko lydar. Men ikkje denne gongen heller fekk eg høyre ho synge, dei to leika seg "berre" med lyd og rytme. Ho når meg for såvidt med det òg, men eg lengtar etter å høyre ho synge!
Elles så gler eg meg veldig til nokre av dei eg har høyrt før. I kveld er det Acoustic Ladyland og søndag skal Ingebrigt Haaker Flaten QT spele! Eg gler meg òg til å høyre Segrov på torsdag, dei har eg aldri høyrt før.
I løpe av festivalen håper eg å bli overraska, opplyst og at å få eit aldri så lite kick!
20 dagar!
1 commento:
Håper du har en god lørdag der du er, Anita! Jeg er alene i min nye leilighet, pusler og koser meg. Stas!
m
Posta un commento