Å lese bøker er noko eg er relativ fersk i. Det er ein draum eg alltid har hatt, det å kunne lese. Kvar laurdag gjekk eg med bokorm-søstra mi Karen til biblioteket, vi kom begge heim med to bereposar full av bøker. Eg las kun boka om Lille sorte Sambo, som eg lånte om og om og om igjen. Det var ei gul, høg, smal bok om ein liten negergut, ein tiger og mange pannekaker. Lille Sambo og tigeren sprang rundt ein stabel av pannekaker så fort at dei smelta. Forstår ikkje kva som fasinerte meg slik...
Dei fleste bøkene eg har måtte lese i forbindelse med skule har Karen lest for meg og så fortalt meg kva dei handla om, men når eg skulle skrive bokrapport, om "Fuglane" av Tarjei Vesaas, måtte eg klare meg sjølv. Eg skreiv den fritt utfrå samandraget bakpå boka og bok-praten eg fekk med meg i klasserommet, Herborg og Anna fortalte meg slutten den dagen vi skulle levere, då var det berre å føre inn slutten på rapporten.
Nye tider! I '98/'99 las eg mi første bok. Jorun lånte meg "Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede" av Jan Wiese og det opna seg ei ny verd for meg! Boka var så fantastisk at eg måtte spare på den og vere på rett stad for å lese. Dette var starten. No kjenner eg både Jonas Wergeland og Gullmunn.
martedì, maggio 30, 2006
sabato, maggio 27, 2006
Festivale di jazz-Nattjazz
Nattjazz er godt igang! Jobben min er for det meste å selge billettar, levere ut fribillettar (dessverre utan å bestemme kven som skal få dei), ta imot gjesteliste-gjestar og å svare på spørsmål om alt fra programmet til "kvar er utedo?" (sjebnen til dei som er på Verftet no under Nattjazz, men som ikkje skal inn på konsert).
Eg likar å jobbe på Nattjazz! To av dei tre vaktene mine er unnagjort allerede, har likevel fått med meg ein del konsertar.
På tosdag var det konsert med Sidsel Endresen og Audun Kleive, eg var forhåpningsfull, som eg alltid er når Sidsel Endresen skal opptre, "Kjem ho til å synge idag?" Dei siste åra har ho "berre" laga ulike puste- og ko-ko-ko-ko lydar. Men ikkje denne gongen heller fekk eg høyre ho synge, dei to leika seg "berre" med lyd og rytme. Ho når meg for såvidt med det òg, men eg lengtar etter å høyre ho synge!
Elles så gler eg meg veldig til nokre av dei eg har høyrt før. I kveld er det Acoustic Ladyland og søndag skal Ingebrigt Haaker Flaten QT spele! Eg gler meg òg til å høyre Segrov på torsdag, dei har eg aldri høyrt før.
I løpe av festivalen håper eg å bli overraska, opplyst og at å få eit aldri så lite kick!
20 dagar!

sabato, maggio 20, 2006
Finalmente il tappeto è assente!
Kvifor vel nokon å legge vegg-til-vegg-teppe i hus og leilighetar?
Leiligheten eg har budd i i 4-5 år har vegg-til-vegg-teppe i tre av fem rom. Teppe er rett og slett ganske ekkelt!
Men i dag har Ole og Jørgen lagt golv i stova mi! Det blei så fint!
Kva skulle ein gjort utan snille lille brødre?
28 dagar til Roma!

martedì, maggio 16, 2006
I lunedì
giovedì, maggio 11, 2006
Andrò a Roma per studiare!
martedì, maggio 09, 2006
La prima volta
Føler eg er på vaklande grunn...og litt for gamal og ustø for denne ukjende blog-verda...
Iscriviti a:
Post (Atom)