sabato, ottobre 21, 2006

Odd Nordstoga




Allereie på gymnaset i Bergen var det snakk om denne "Ødd", ein raudmosen gut med store øyre og andre ord, som spelte inn film med Guri og Herborg i Russland. Men det var først nokre år etter, når "Something Odd" vart eit band, at eg vart fan.

Secondo me, skriv Odd tekstar slik få klarar, for meg er det ingen over! "Something Odd" og "Nordstoga" platene er desidert dei platene eg høyrer mest på, til og med meir enn på Joni Mtichell.

Etter "Luring" plata var eg redd det var slutt på intim konsertane til Odd, og det trur eg dessverre det er, men på konserten på Ricks for to år sidan var det mogleg å få den tilnærma følelsen det er å vere på konsert i eit lite lokale, i allefall vi som sat på dei runde borda framme med scena (og som ikkje først og fremst venta på "Kveldssong for deg og meg"). Likevel, ei konsertrekke som i 98 el 99 når Odd spelte på Kvarteret, Ynglingen og i ei bryggestue på Bryggen i løpet av ein mnd +, det får ein nok ikkje oppleve att, blir vanskeleg å kapre ein av dei få plassane i allefall.

I kveld skal eg få gå på konsert med Odd, takka vera Åshild! Denne gong er det i Grieghallen, eit stykke frå bryggestuene...men eg gler meg!

3 commenti:

Anita ha detto...

Konserten var fantastisk! Flotte tekstar og melodiar, fantastisk band, bra show! Nordstoga leverte!

Men eg var ikkje heilt nøgd med lyden. I fare for å høyras gamal ut, så syns eg den var for høg, akkurat over smertegrensa, -også virka det som om ikkje alt var som det skulle med mikrofonen til Odd. Ellers så var det mykje klapping på 1 og 3...og folk som fekk infridd sit største ønske for kvelden.

På tross av dette: ein fin fin konsert, godt over midte. Odd Nordstoga får til å gjera noko farleg stort som er heimegjort!

Silje ha detto...

Der skulle en ha vøri!

Mari ha detto...

Han er så bra han, blir enda mjuk når jeg tenker på intimkonserten på cafe UVe! Går dessverre glipp av konserten hans på rockefeller i høst, men håper på flere sjanser om enn ikke av det intime slaget (og da tenker jeg kun på intimKONSERTER, ikke noe annet intimt....)

m