venerdì, novembre 27, 2009
Skomakergata i Bergen
Frå
å vere sjeldant forbanna på ein ung-frekk-pentkledd-mann (endra frå "menn" til "mann" her, tok meg i ei litt uforskamma generalisering) som glatt oversåg meg og ein annan som venta i parkeringsplasskø, og er pinleg arrogant, utan skam og urokkeleg når han blir gjort kjent med sin lille fadese...(ein får ta det for gitt at han er nokons navle, kjerne, sentrum el.l og at han blanda korta bittelitegranne).
Til
å komme inn i Skostredet og få Skomakergate-godkjensle-kjensle av nokre tenåringsjenter som utanfor Capello syng julesongar ved det som kanskje hadde vore julelystenning, samstundes som nokre tenåringsgutar går bråkjekke forbi og syng saman med jentene "englene synger høyt i kor..." mens dei passerar. "Eg kan jo den sangen, eg!" seier ein av dei kjekke før han fortsett "...synger om fred på vår jord...".
Det er jul i Bergens trivlegaste gate!
Iscriviti a:
Commenti sul post (Atom)
Nessun commento:
Posta un commento