Laurdag var eg på ein fantastisk konsert på Ole Bull scene; "Flere farger", presentert av Fargespill. Fargespill er born frå over 20 forskjellige land, inkluert Noreg. Ole Hamre og Sissel Saue (med fleire) gjer ein utruleg bra- og viktig jobb. Eg var førebudd på at det skulle bergta meg og røre ved meg, men eg hadde ikkje tenkt over på kor mange plan dette prosjektet er fantastisk, og viktig. Eg trur dette prosjektet bl.a. er med å fremme tåleransen for andre sin kultur, det har vist seg heilt naudsynt.
Så fantastisk det er at desse borna vil dele av sitt med oss.
Så fantastisk, og viktig, at desse borna, i staden for å føle dei må bli som oss, får stå der på scena og vere stolt av både musikken, kleda og kulturen sin.
Så fantastisk å blande den norske kulturen med andre kulturar.
Heile konserten var svært rørande, skal eg trekke fram eit nummer som rørte meg spesielt, må det vere den lille guten som avslutta konserten, på sitt gebrokne norsk, med "Lev vel! Så vil eg seia og så lettar eg på min hatt".
For ei beriking det er å få del i kulturane til desse borna!
Sabato sono stata al concerto "Più colori", un concerto emozionale, bello e importante! I bimbi vengono da 20 paesi diversi, con le loro musica e vestiti che convidono con noi e che possono essere orgogliosi della loro cultura! I bimbi norvegesi che cantano i canzioni stranieri e i bimbi internazionale che cantano i cantzoni norvegesi tradizionali, -bellissimo! Norvegia è un posto più ricco grazie al loro!
Iscriviti a:
Commenti sul post (Atom)
Nessun commento:
Posta un commento