sabato, marzo 22, 2008

Vossajazz 2008

Årets Vossajazz er over, for 35.gong, 13.gong for meg. Eg er nøgd! Mange bra konsertar, godt selskap og ganske så fint vêr!

I år opplevde eg det eg håper å oppleve kvar Vossajazz, men som ikkje alltid skjer, "kicket"! ”Roy Nathanson's Sotto Voce” heiter dei! Fantastiske musikarar; trombone, sax, kontrabass, fiolin og levande beatboks! Dei var fantastiske songarar, eg syns bassisten hadde ei spesielt fantastisk stemma! I tillegg hadde dei noko å kome med i tekstane sine, (+nokre coverlåtar: video). Det er vesentleg, spør du meg. Konserten vart ”snakkisen” resten av festivalen, alle som ikkje hadde vore der hadde høyrt frå nokon som hadde vore der kor fantastisk det var. Eg elskar når publikum, det norske publikum, kjem med høge tilrop, plystring og spontan klapping. Det er så unorsk og det skjer ikkje så ofte, til og med eg slår meg litt laus. Eg har ennå friskt i minne den fantastiske Tom Waits og Kurt Weil ”tribute” konserten på DNS under Festspela for ein del år sidan, der heile salen kokte!

Elles må eg òg få framheve Kari Bremnes konserten, utruleg flinke folk! Dei spela gamalt materiale (stort sett), noko litt fornya. Eg vil eigentleg ikkje trekke fram enkeltståande i denne heilslege produksjonen, men det gjorde seg at Bent Hansen tok litt meir plass.

Tid for softis
Heidi, Randi og Eli

Valkyrien Allstar
Valkyrien Allstar

Tingingsverket
Tingingsverket

Roy Nathanson's Sotto Voce
Roy Nathanson's Sotto Voce


Vossajazz è finito anche quest’anno, per il 35 volta, il 13 per me. Sono sodisfatta! Tanti concerti bravissimi, buona compagnia e il tempo era abbastanza bene!

Quest’anno ho fatto l’esperienza che non faccio ogni anno, il “kick”! Erano stravagante! Il gruppo si chiama “Roy Nathanson’s Sotto Voce”. I musicisti sono bravissimi; trombone, sassofono, violino, basso e un beat box vivente. Loro sono anche cantori bravissimi, secondo me il basista aveva una voce bellissima! In oltre i testi avevano un messaggio più meno politico. Adoro quando il pubblico, il pubblico norvegese, fanno l'acclamazione rumoroso, fischiano e applauso spontaneo! Non è tipico norvegese, non succede molto spesso, anche io mi lascio libero!

Anche il concerto con Kari Bremnes era bravissimo, ha una produzione completa e ottima! Brava!

2 commenti:

Silje ha detto...

Skulla vert der.... :(

Anonimo ha detto...

Godt oppsumert Anita!

-eli-