domenica, febbraio 17, 2008

Odd Nordstoga

Vinterferie, helg på Voss, sjølv om det ikkje var naudsynt, så var lokkemiddelet konsert medOdd Nordstoga. Eg gleda meg til intimkonsert i Fraktgodsen, på gode plassar, ein forsmak på Vossajazz og i håp om å få høyre nokre nye songar. Alt dette innfridde, og eg gler meg til ny plate, men eg sit att med spørsmålet eg alltid sit att med etter Vossajazz...kva er det som får folk til å betale dyre billettar for å sitje å drikke dyr øl og mase (bråke!)?

Om ikkje like uforstyrra som ønska, så fekk eg no høyrt Odd Nordstoga, Thomas Tofte og Daniel Sanden, imponerande musikarar! Og tekstane til Odd! Som eg har skreve før her, I like!

Eg undrar, kortid slepp me "Grisen"?

Thomas Tofte-Odd Nordstoga-Daniel Sanden

Vacanza bianca, la fine settimana a Voss, concerto con Odd Nordstoga, che mi piace molto, il suoi testi e la musica!

Scusa! Ho una domanda: Chi pagha biglietti carissimi per parlare e fare rumore invece ascoltare la musica? Non lo capisco!

Quando è basta suonare "Grisen"?

1 commento:

Anonimo ha detto...

Hei!
Eg har tenkt og irritert meg i heile dag på dei tullingane som øydelegg for så mange, så eg har komme fram til at eg får skriva eit lite innlegg i lokalavisa.... Det er no eg forstår at eg blir eldre og eldre, slike lesarinnlegg kjem vel i grunn med ein nokså høg gjennomsnittsalder.....