mercoledì, giugno 28, 2006

Finalmente vado a Manarola!


Helligdag i Roma=fri frå DNIR=Manarola! (...fører til skulk på fredag...)

Reidn, Edo e Michele, l'anno 2003

domenica, giugno 25, 2006

Parte posteriore a Roma...

Kvar dag, fleire gongar for dagen, gaar eg forbi tiggarar. Det er ulike grunnar til at ein maa tigge sjølvsagt, grusomt er det uansett. Ei gruppe av tiggarar som har gjort ekstra sterkt inntrykk paa meg her i Roma, er dei som tiggar fordi dei er handicappa...og det er mange av dei. Unge mennesker som t.d. ikkje kan gaa, dei har ikkje rullestol eingong, men sit paa eit rulle-brett og akar seg avgarde mens dei tiggar... Nokre er kortvokste med pukkelrygg, andre har CP eller er dòve... Heilt ville grunnar til at ein kan havne i ein slik situasjon! Kven har ansvaret?

Eli, du hadde maatte reist heim etter to dagar i Roma, for du hadde ikkje hatt meir pengar att! Du er god paa aa gje! Eg maa finne meg ein person som eg kan gje fast til, og haape at det kan gjere ein òrliten forskjell for den eine. Det blir for dumt aa tenke at det er saa mange som treng pengar at det ikkje gaar an aa gje. Eli, du er mitt fòrebilete!

No maa eg ut i 40grader igjen! Ciao tutti!

mercoledì, giugno 21, 2006

Un giorno nella mia vita!


Staar opp naar sola kjem inn vindauga (som staar vidope heile natta og sender ein sval-sval bris inn i leiligheten). Paa vei til skulen stopper vi paa bar for aa drikke cappuccino og paste con crema (eller cornetto, som dei seier her i Roma). Gaar til instituttet der vi har undervisning fra 09.15-kl.13.00, med ein 10-15min pause mellom. Gaar gjerne til Trastevere eller sentrum per pranzo (lunch) eller et medbragt paa takterrassen (sjaa bileta lenger nede paa bloggen). I gaar tok eg bilete av grademaalar som viste 35 grader, igaar skein ikkje sola, saa idag er det nok 40grader. Klarte meg overraskande bra i 35grader, men i dag naar sola skin er eg stort sett vaat i ansiktet...ikkje saa behageleg, men eg klagar ikkje!!!

Gaar gjerne heim ein tur paa ettermiddagen, for aa gjere lekser (er ikkje saa flink i italiensk...dei andre er saa flinke! Men eg skal vere flink student, flinkare enn til no!) eller ete middag (laerer nye, gode rettar med flinke sambuarar t.d. spinat), etterpaa gaar vi gjerne ut for aa ete gelato og rusle rundt...(ein del vannblemmer har det blitt).

Maa springe, haaper de vil kommentere litt, for daa faar eg lyst til aa skrive!

Buon compleanno, Are!

Anita

martedì, giugno 20, 2006

Sono a Roma!

Ciao! Tutto bene?

Fantastisk å kome til Roma, har nesten same følelsen her som i Manarola! Gjekk av toget og såg rett på Peterskyrkja, e qui vivo io! Leiligheten, med stor balkong og alt anna ein treng i Roma, er berre 5 minutt frå Vatikanet. È bellissimo!

Ovidia var her i helga, då var vi turistar, veldig kjekt! Fekk oss nye espressokanner, mi er gul!

To dagar på istituttet er allerede over, alt går på italiensk, det går ganske fint så langt, men blir nok berre vanskelegare... Mange flinke studentar på kurset!

Kjenner eg ikkje er så langt unna Manarola, blir litt dradd mot nord...

Ciao tutti!

sabato, giugno 17, 2006

Finalmente vado a Roma!




Roma
-min heim dei neste seks vekene!

God sommar! Buona estate!

giovedì, giugno 15, 2006

Om å ikkje få med seg alt...


Eg likar ikkje å gå glipp av noko, sjølv om alternativet er minst like bra...

Denne gongen er det Rickie Lee Jones konserten på Logen 24.juni eg ikkje får med meg. Førre gong ho var i Bergen sat eg på fremste rad, konserten var fantastisk og Rickie Lee var blitt ei gamal dame...

Dette var òg mitt første møte med Logen som konsertlokale og det var dagen då eg oppdaga Logen bar. Staden eg sidan, i periodar i allefall, har vore fleire gonger i veka.

3 giorni!

venerdì, giugno 09, 2006

COMPLEANNO

33 år...

domenica, giugno 04, 2006

Finito

Nattjazz, med mange fine konsertar, er over for i år! Kjenner godt at eg har vore på konsertar 10 av dei 11 siste dagane. Siste konsert starta stortsett etter midnatt, eg måtte stå opp kl.7 morgonane etter for å gå på jobb. Dette nødvendige onde...(søvn altså)

Første høgdepunkt for meg var Aki Takase plays Fats Waller, eg kunne ledd meg ihjel fleire gonger. Rudi Mahall, bassklarinettisten, var heilt fantastisk! Hadde tenkt å høyre litt Christine Sandtorv òg, men det får vere til ein annan gong.

Det siste høgdepunktet var i går kveld, då spelte Lofthus / Eilertsen / Storløkken på Sardinen, det var heilt sinnsjukt! Ultralyd på torsdag var òg ei oppleving, Hanne Hukkelberg er òg verdt å nemne.

På bakgrunn av dei banda eg har nemnt her, ser eg klart ei endring i min jazz-musikk-smak, for ikkje lenge sidan ville, av desse banda, berre Hanne Hukkelberg vore nemnd her...

Nedturen: Eg gjekk glipp av Malaparola, einaste "italienske" bandet på nattjazz! Sørgeleg!

Gler meg til Nattjazz 2007!

12 dagar att!

martedì, maggio 30, 2006

Leggio!

Å lese bøker er noko eg er relativ fersk i. Det er ein draum eg alltid har hatt, det å kunne lese. Kvar laurdag gjekk eg med bokorm-søstra mi Karen til biblioteket, vi kom begge heim med to bereposar full av bøker. Eg las kun boka om Lille sorte Sambo, som eg lånte om og om og om igjen. Det var ei gul, høg, smal bok om ein liten negergut, ein tiger og mange pannekaker. Lille Sambo og tigeren sprang rundt ein stabel av pannekaker så fort at dei smelta. Forstår ikkje kva som fasinerte meg slik...

Dei fleste bøkene eg har måtte lese i forbindelse med skule har Karen lest for meg og så fortalt meg kva dei handla om, men når eg skulle skrive bokrapport, om "Fuglane" av Tarjei Vesaas, måtte eg klare meg sjølv. Eg skreiv den fritt utfrå samandraget bakpå boka og bok-praten eg fekk med meg i klasserommet, Herborg og Anna fortalte meg slutten den dagen vi skulle levere, då var det berre å føre inn slutten på rapporten.

Nye tider! I '98/'99 las eg mi første bok. Jorun lånte meg "Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede" av Jan Wiese og det opna seg ei ny verd for meg! Boka var så fantastisk at eg måtte spare på den og vere på rett stad for å lese. Dette var starten. No kjenner eg både Jonas Wergeland og Gullmunn.

sabato, maggio 27, 2006

Festivale di jazz-Nattjazz

Nattjazz er godt igang! Jobben min er for det meste å selge billettar, levere ut fribillettar (dessverre utan å bestemme kven som skal få dei), ta imot gjesteliste-gjestar og å svare på spørsmål om alt fra programmet til "kvar er utedo?" (sjebnen til dei som er på Verftet no under Nattjazz, men som ikkje skal inn på konsert).

Eg likar å jobbe på Nattjazz! To av dei tre vaktene mine er unnagjort allerede, har likevel fått med meg ein del konsertar.

På tosdag var det konsert med Sidsel Endresen og Audun Kleive, eg var forhåpningsfull, som eg alltid er når Sidsel Endresen skal opptre, "Kjem ho til å synge idag?" Dei siste åra har ho "berre" laga ulike puste- og ko-ko-ko-ko lydar. Men ikkje denne gongen heller fekk eg høyre ho synge, dei to leika seg "berre" med lyd og rytme. Ho når meg for såvidt med det òg, men eg lengtar etter å høyre ho synge!

Elles så gler eg meg veldig til nokre av dei eg har høyrt før. I kveld er det Acoustic Ladyland og søndag skal Ingebrigt Haaker Flaten QT spele! Eg gler meg òg til å høyre Segrov på torsdag, dei har eg aldri høyrt før.

I løpe av festivalen håper eg å bli overraska, opplyst og at å få eit aldri så lite kick!

20 dagar!

sabato, maggio 20, 2006

Finalmente il tappeto è assente!

Kvifor vel nokon å legge vegg-til-vegg-teppe i hus og leilighetar?

Leiligheten eg har budd i i 4-5 år har vegg-til-vegg-teppe i tre av fem rom. Teppe er rett og slett ganske ekkelt!

Men i dag har Ole og Jørgen lagt golv i stova mi! Det blei så fint!

Kva skulle ein gjort utan snille lille brødre?


28 dagar til Roma!

martedì, maggio 16, 2006

I lunedì

Måndagar er Voksne Herrers-dag!
Eit høgdepunkt i veka!

I kveld var det "Moon Over Bourbon Street", sunge av Steinar Krokstad, som var høydaren for min del!

giovedì, maggio 11, 2006

Andrò a Roma per studiare!

I vinterferien fekk eg ein liten følelse av la bella vita a Roma! Heldige eg som får reise til Roma for å studere italiensk språk og kultur! Fantastisk!

I tillegg bur eg berre 4 timars togreise
frå Manarola!

37 dagar igjen!

martedì, maggio 09, 2006

La prima volta

Føler eg er på vaklande grunn...og litt for gamal og ustø for denne ukjende blog-verda...